Hopp til innhold

Åtvarar mot lågare interesse for krigen

Sveriges utanriksminister Ann Linde åtvarar om at interessa for krigen i Ukraina kan hamna i skuggen når inflasjon og stigande matprisar krev merksemd.

– Du kan allereie sjå at interessa i media minkar, og det påverkar også allmenta, og allmenta påverkar politikarane, seier ho.

Linde seier at det er hennar og andre vestlege politikarar sitt ansvar å halda Ukraina og Russland høgt på agendaen.

(NTB)

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no