Hopp til innhold

TV 2-leiinga beklagar oppførselen til Fredrik Græsvik

Privatpersonen Eirik Furuseth fekk meldingar frå TV 2-journalist Fredrik Græsvik etter at Furuseth hadde skrive ein Facebook-melding om TV 2 si handtering av skyteepisoden i Oslo.

Furuseth opplevde meldingane frå Græsvik som truande. TV 2 beklagar oppførselen frå journalisten.

– Vi beklagar at førespurnaden blei sendt frå journalisten overhovudet. Det var ikkje dekning for slike påstandar, og det er dermed brot på våre eigne rutinar, skriv utanrikssjef i TV 2, Aslaug Henriksen i ein e-post til Nettavisen, som først skreiv om saka.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no