Hopp til innhold

Russland forlet Slangeøya

Det stadfestar det russiske forsvarsdepartementet overfor det russiske nyheitsbyrået Ria Novosti.

Frå russisk side er det «ein gest av godvilje» for å la FN organisere ein humanitær korridor for eksport av korn og råvarer frå Ukrainas territorium.

Kampen om Slangeøya, eller Zmiinyi-øya, har blitt til eit symbol på ukrainarane sin motstand mot Russland. Øya er også særs viktig strategisk.

Kampen på øya vart mykje omtala etter at dei ukrainske styrkane gav det russiske krigsskipet klar melding om å «dra til helvete» idet dei blei angripne.

Slangeøya ligg i Svartehavet, like ved grensa mellom Romania og Ukraina.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no