Hopp til innhold

Tyrkia slepp Sverige og Finland inn i Nato

Tyrkia har gått med på å støtte finsk og svensk Nato-medlemskap. Det seier Jens Stoltenberg på ein pressekonferanse på Nato-toppmøtet i Madrid.

Den finske presidenten Sauli Niinistö stadfestar det same.

Ifølge Stoltenberg har landa signert eit dokument som adresserer Tyrkia sine bekymringar, mellom anna om våpeneksport og kampen mot terrorisme.

AFP skriv at Tyrkia «fekk det dei ville ha» frå forhandlingane med Sverige og Finland.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no