Hopp til innhold

Fleire skal vere døde i togulykke i USA

Fleire personar skal ha mista livet då eit tog spora av utanfor byen Mendon i den amerikanske delstaten Missouri. Det melder BNO News, som siterer naudetatane på staden. Meldingane er ikkje stadfesta.

Ifølge togselskapet Amtrak var det 243 personar om bord. Toget skal ha treft ein lastebil og spora av. Bilde frå staden viser at toget har fullstendig velta.

Eit tog har gått ut av spora sine i delstaten Missouri i USA.
Foto: Dax McDonald, Twitter

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no