13 døde etter eksplosjon i Jordan
Minst 13 personar er døde og 250 skadd etter ein lekkasje av giftig gass i Jordan. Overvakingsbilde viser ein container som glepper frå ei kran på veg til eit skip i hamnebyen Aqaba.
Det er ikkje kjent kva slags gass det er snakk om, men bilda viser store mengder gul røyk som breier om seg. Lokale myndigheiter oppfordrar folk til å lukke vindauge og ikkje oppsøke staden.