Hopp til innhold

FN fordømmer kjøpesenter-angrepet i Ukraina

Minst elleve personar blei drepne då kjøpesenter i Krementsjuk, sentralt i Ukraina, blei treft av russiske missil. Det opplyser guvernør Dmitro Lunin ifølge Reuters. Han fryktar at talet på drepne kjem til å stige.

Minst 1000 personar skal ha vore i senteret då det blei treft, og minst 40 er såra. FN fordømmer angrepet.

– Det er mildt sagt beklageleg. Ein kvar form for sivil infrastruktur, som openbert inkluderer kjøpesenter, og sivile bør aldri vere målet, seier talsperson Stephane Dujarric.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no