Hopp til innhold

Prisvekst på 8,1 prosent i mai

Inflasjonen i landa som bruker euro som valuta enda på 8,1 prosent i mai. Det er ny rekord, skriv AFP.

Samanlikna med året før auka konsumprisindeksen (KPI) i dei 19 euro-landa med 8,1 prosent. Det er ein auke frå 7,4 prosent i april og mars. På førehand var det venta ein KPI på 7,7 prosent.

Auka energi- og matprisar som følge av krigen i Ukraina er blant årsakene.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no