Hopp til innhold

FNs menneskerettssjef tok opp uiguranes kår med Kina

FNs høgkommisær for menneskerettar, Michelle Bachelet, seier ho tok opp oppsplitting av uigurfamiliar med styresmaktene i Xinjiang-provinsen i Kina.

– Vi veit det er mange som søker informasjon om korleis det har gått med andre i familien. Dette og andre tema blei drøfta med styresmaktene, seier ho ifølge AFP.

Ho seier styresmaktene har forsikra henne om at sentra for såkalla omskolering av den muslimske minoriteten i provinsen, som av menneskerettsorganisasjonar blir karakterisert som arbeidsleirar, er avvikla.

Bachelet har vore i Kina denne veka, og har fått kritikk frå enkelte som meiner ho blir brukt i kinesisk propaganda. Dette har ho avvist, og seier at ho meiner det er viktig å ha ein god dialog med dei kinesiske styresmaktene.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no