Hopp til innhold

Kommenterer tjuveria for første gong

Artisten Cezinando, som nyleg blei dømd for tjuveri av dyre møblar, svarar no for første gang fansen om kvifor.

– Kvifor stal du dei møblane? spør ein fan på Instagram.

– Eg trur det beste svaret eg kan gje på akkurat kvifor er at eg, på fleire måtar distanserte meg frå eit tilvære som var utifredsstillande, skriv artisten.

Han skriv vidare at det handla om ein flukt og ein destruktiv modus.

– Det + rein og skjær naivitet, bråkjekkheit og litt manglande konsekvenstenkning, skriv artisten, som eigentleg heiter Kristoffer Karlsen.

Cezinando Instagram
Foto: Skjermdump

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no