Hopp til innhold

Droppar våpenmøte

American Pie-songaren Don McLean har trekt seg frå helgas National Rifle Associations årsmøte i Texas, etter den tragiske skytinga på ein skule i delstaten tysdag.

– Eg har bestemt meg for at det ville vere respektlaust og sårande for meg å opptre," seier McLean i ei fråsegn.

– Eg er sikker på at alle som planlegg å delta på denne storhendinga også er sjokkerte og sjuke over desse hendingane, seier den populære artisten.

Nitten barn og to vaksne vart drepne i tragedien.

Don McLean Honored with a Star on the Hollywood Walk of Fame
Foto: Chris Pizzello / AP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no