Hopp til innhold

Ekspedisjonen til kronprinsen vêrfast på Grønland

Etter å ha kome seg 30 mil innover isen, er det no bom stopp for kronprins Haakon, Vegard Ulvang og dei andre deltakarane på ein ekspedisjon over Grønland.

– Vi kjem ingen veg. Og vi har eit stykke igjen. Vêrmeldinga det neste døgnet er ikkje all verda, skriv ekspedisjonsleiar og polarhistorikar Harald Dag Jølle i den daglege oppdateringa si frå ekspedisjonen onsdag.

Paradoksalt nok er det finvêr som skaper problem for ekspedisjonen. Dei bruker drakar (kitar) og ski for å kome seg over isen, men plutseleg har vinden stilna.

– Det er jo behageleg, eg nektar ikkje for det – å vakne til solskin og ein teltduk som ikkje blafrar. Men ein drakeseglar blir fort uroleg når det er vindstille, skriv Jølle.

(NTB)

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no