Hopp til innhold

Boris Johnson bad om unnskyldning for partygate-skandalen

– Det har blitt funne fleire feil. Nokre offisielle og politiske feil, men også mine eigne feil og dei tar eg ansvar for, seier Storbritannias statsminister Boris Johanson.

Han bad om unnskyldning for partygate-skandalen då han møtte pressa onsdag kveld.

Johnson gjentok stort sett det same som han sa i Underhuset tidlegare same dag. Han beklaga for festane, men sa at han ikkje hadde vore vitne til nokon brot på koronareglane.

Han sa vidare at han har lært leksa si, og på spørsmål frå britiske media om han har vurdert å trekkje seg som statsminister, svarte han:

– Alt eg kan seie er at gitt alt som føregår no, er det min jobb å halde fram og å levere det vi har forplikta oss til, svart han.

Han fekk også spørsmål om han var ein løgnar, då svarte han nei.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no