Hopp til innhold

Sakna fiskar funnen i live

Fiskaren i 60-åra som var sakna ved Øygarden ved Bergen er funnen i live på ei øy nord i leiteområdet. Han er nedkjølt og blir overlatt til helsepersonell, opplyser politiet.

Ei rekke private deltok i søket etter fiskaren som la ut i ein 19 fots grå aluminiumsbåt søndag ettermiddag frå Laviksneset nær Telavåg på Sotra.

Politibåt, to redningsskøyter, Kystvakta og redningshelikopter har deltatt i leitinga som vart koordinert av Hovudredningssentralen Sør-Noreg. Det skal vere rundt tre meter høge bølger og regn i leiteområdet, og det er meld grov sjø og kuling.

Leteaksjon etter savnet fisker i Øygaren
Foto: Redningsselskapet

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no