Hopp til innhold

Zelenskyj talte til Cannes-festivalen

Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj talte via video til filmfestivalen i Cannes, som opna tysdag.

– Til slutt vil hatet forsvinne, og diktatorane vil døy, sa han i den overraskande talen under opninga av den 75. filmfestivalen i Palais des Festivals i Cannes.

I talen refererte han til makta av filmen under andre verdskrig, og han nemnde spesifikt Charlie Chaplins film «Diktatoren», som gjorde narr av nazileiaren Adolf Hitler.

– Vi treng ein ny Chaplin i dag for å bevise at filmen ikkje har mista stemma si, sa han i talen, som han fekk ståande applaus for.

Krigen i Ukraina blir eit dominerande tema på festivalen, og ein dag er reservert for ukrainske filmskaparar. Dokumentarfilmen «Mariupolis 2» av den litauiske filmskaparen Mantas Kvedaravicius som vart drepe av russiske styrkar i april, blir vist spesielt. (NTB)

Volodymyr Zelenskyj taler til filmfestivalen i Cannes 17. mai 2022
Foto: Vianney Le Caer / AP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no