Hopp til innhold

– Vakna av høg lyd

Eigaren av huset der Helen Luel Asefaw blei drepen natt til 24. november forklarte seg i retten i dag. Han forklarte at han vakna av ein høg lyd.

– Eg visste ikkje om eg drøymde eller kva, sa han og forklarte at han opplevde det som ein knuselyd. Han tenkte at nokon kanskje kasta glassavfall, men kunne ikkje skjøne at nokon gjorde dette midt på natta. Så han blei uroleg og sto opp.

Frå vindauget sitt såg han ein person forlate staden. Huseigaren gjekk ut og oppdaga at eit vindauge i første etasje var blitt knust. (Bildet). Då ringde han politiet.

– Politiet sa at det kunne ha samanheng med ei anna hending i nabolaget. Eg hadde ikkje lyst, men politiet instruerte meg til å gå ned og undersøke nærare. Eg hadde heile tida kontakt med politiet på telefonen, eg var redd og opna døra inn til leiligheita. Då såg eg henne ligg der og skjønte med ein gong at ho var drepen, sa mannen.

Han forklarte også korleis dette har gått inn på han og at han framleis er påverka av det som skjedde.

Knust vindu - drapssak Molde
Foto: Politiet

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no