Inviterer Vy og Flytoget til forhandlingar om togtilbodet på Austlandet
Regjeringa har bede Jernbanedirektoratet om å invitere dei to statlege togselskapa Vy og Flytoget til forhandlingar om direktetildeling av togtilbodet på Austlandet.
– Båe selskap har kompetanse og erfaringar som vi ønskjer at Jernbanedirektoratet skal vurdere, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård i ei pressemelding.
Følgjande strekningar er omfatta av forhandlingar:
Spikkestad/Asker – Lillestrøm
Stabekk/Skøyen – Ski
Oslo S – Hakadal/Jaren
Stabekk – Moss
Oslo S – Mysen/Rakkestad
Oslo S – Ski
Oslo S – Halden
Oslo S – Gjøvik
Skien – Eidsvoll
Drammen – Lillehammer
Kongsberg – Eidsvoll
Drammen – Dal
Asker – Kongsvinger
Notodden – Porsgrunn