Hopp til innhold

Kontroll på brannen i Hemsedal – store verdiar gjekk tapt

Branntenesta i Hemsedal i Buskerud har jobba i heile natt for å få kontroll på brannen som starta i eit leilegheitsbygg onsdag.

Ingen personar er skadde, men mange måtte evakuerast og store verdiar gjekk tapt. Mange av dei evakuerte kom rett frå skibakken og hadde alle tinga sine i leilegheiter som dei ikkje fekk koma inn i.

Kommunen og skisenteret gjer det dei kan for å ta vare på dei, fortel ordførar i Hemsedal, Pål Rørby.

– Alle har no fått andre leilegheiter å opphalda seg i. Vi opna ein daglegvareforretning som ligg i skisenteret. Skistar opna også skisjappa si for dei som hadde behov for klede og anna. Så alle skal bli godt tekne vare på, seier han.

Hemsedal Brann
Foto: Vegar Erstad / NRK

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no