Hopp til innhold

Tidlegare Nato-sjef: Vi har vore for naive

I eit intervju med avisa Berlingske samanliknar tidlegare Nato-sjef Anders Fogh Rasmussen Putin med Adolf Hitler og Josef Stalin. Han kallar Putin ein «fiende av same kaliber».

– Det vi må erkjenna, er at vi har vore for naive og at vi har feilvurdert intensjonen og brutaliteten hans, seier Rasmussen.

Faresignala burde blitt oppdaga før, meiner han og seier at situasjonen då kunne vore annleis.

– Vi burde mykje tidlegare reagert mykje kraftigare, seier den tidlegare Nato-sjefen.

Han var Nato-sjef før Jens Stoltenberg tok over.

Anders Fogh Rasmussen
Foto: Vidar Ruud / NTB

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no