Hopp til innhold

Talet på born og unge med eteforstyrringar aukar

Talet på born og unge som slit med eteforstyrringar har meir enn dobla seg dei to siste åra.

I 2021 vart Rådgjeving om spiseforstyrrelser (ROS) kontakta 14.000 gonger av personar som trong hjelp. På chat har dei hatt dialog med barn heilt ned i åtteårsalderen.

Også dei tilsette ved Avdeling for barne- og ungdomspsykiatri ved Oslo universitetssykehus fortel om svært mykje press på grunn av auken i talet på born og unge med eteforstyrringar.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no