Hopp til innhold

Erkjenner straffskuld for drap

Mannen i 30-åra som er sikta for å ha drepe far sin og skada mor si på eit kjøpesenter i Bergen i går, erkjenner straffskuld. Bergens Tidende meldte det først.

– Han har erkjent straffskuld, men det kjem til å bli eit spørsmål om skuldevne, seier hans forsvarar, advokat Marius Wesenberg til avisa.

Wesenberg seier det er eit spørsmål om tilreknelegheit, og at mannen har ein historikk i psykiatrien.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no