Hopp til innhold

Tyskland stoppar Nord Stream 2

Tyskland kan ikkje gå vidare med gassrøyrleidninga Nord Stream 2 etter den russiske anerkjenninga av dei opprørskontrollerte områda i Aust-Ukraina. Det seier forbundskanslar Olaf Scholz, ifølge Reuters. Gassrøyrleidninga skal frakte gass frå Russland til Tyskland via Austersjøen. Leidninga er ferdigbygd, men Tyskland stoppa godkjenninga i midten av november. USA og fleire austeuropeiske land har vore kritiske til prosjektet av politiske årsaker.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no