Hopp til innhold

Kundelister til bank er lekka

Namnet på over 30.000 personar som var kundar i den sveitsisk banken Credit Suisse frå 1940-talet og fram til 2010 skal ha blitt avslørt gjennom ein datalekkasje, skriv avisene The Guardian og New York Times. Fleire journalistar i store aviser har arbeidd seg gjennom listene som avslører at kriminelle skal ha fått ha kontoar i banken sjølv om banken visste at dei var forbrytarar.

Banken avviser skuldingane, og seier opplysningane er basert på ufullstendig, feilaktig eller selektiv informasjon som er teken ut av samanhengen. Dei meiner dette fører til ei tendensiøs tolking av forretningsverksemda til banken.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no