Hopp til innhold

– Spotify har lært av Rogan-bråket.

Spotifys innhaldssjef Dawn Ostroff seier bråket rundt podkasten til Joe Rogan har vore ein lærepenge for strøymetenesta.

– Vi føler at vi har eit ansvar for å støtte ytringsfridomen, men vi må også balansere det med tryggleiken til brukarane våre og annonsørane våre, sa han på ein konferanse for reklamebyrå i New York, melder Reuters.

Rogan er ei stor stjerne i podkastsatsinga til Spotify, men fleire profilerte artistar har protestert mot podkasten fordi dei meiner han kjem med misvisande informasjon om korona.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no