Hopp til innhold

Færre koronainnlagte

Det er i dag 243 pasientar med koronasmitte på norske sjukehus, 20 færre enn i går.

Tala syner ikkje om pasientane er innlagd med covid-19 som hovudårsak, eller om dei er lagt inn for noko anna, men dei har fått påvist korona.

51 av pasientane med covid-19 ligg på intensivavdeling, og av desse får 33 respiratorbehandling, syner tal frå Helsedirektoratet.

Koronapasientar utgjer no 2,6 prosent av alle som er innlagde på norske sjukehus.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no