Hopp til innhold

Få barn har fått influensavaksine

Berre ein brøkdel av barna som treng ekstra vern mot influensasjukdom, har fått influensavaksine, ifølgje Folkehelseinstituttet.

Over 7 prosent, eller rundt kvart 14. norske barn, har tilstandar som gir auka risiko for alvorleg influensa. Så langt denne sesongen har berre 8 prosent av desse barna fått influensavaksine, opplyser FHI , som viser til tal frå Beredskapsregisteret. Det er langt under målsetjinga om at 75 prosent av desse barna skal få influensavaksine.

Fleire land i Europa har no influensautbrot, noko som betyr at influensaepidemien i vinter framleis kan vere framfor oss, påpeikar FHI.

(NTB)

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no