Hopp til innhold

Kvar fjerde bil køyrer på straum

22 prosent av alle personbilar på vegane går heilt eller delvis på straum. Snart er kvar fjerde bil anten ein elbil eller ein ladbar hybrid.

Det syner tal frå NAF.

– Det grøne skiftet går ekstremt for i Noreg no. Rundt 650.000 bilar på norske vegar er i dag anten elbilar eller hybrid. Nær tre av fire desse er heilt elektriske, seier Thor Egil Braadland, myndighetskontakt i NAF.

Ladning av elbil
Foto: Ørn E. Borgen / NTB

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no