Hopp til innhold

Ber regjeringa lette på karantenereglar

Ordføraren i Trondheim ber regjeringa lette på karantenereglane i skule og arbeidsliv etter nye smitterekordar.

– Slik situasjonen er no, så er karantenereglane like urovekkjande som sjølve sjukdomsbyrda. Det sit mange friske folk heime i dag i staden for å gå på jobb. Og det er mange friske barn heime frå skule. Her må det komme lettar, og det trur eg det gjer denne veka, seier ordførar Rita Ottervik (Ap) til Adresseavisen.

Trondheim har sett stadig nye smitterekordar dei siste dagane. Fredag og laurdag vart det til saman registrert 2.596 nye smittetilfelle, noko som betyr at mange familiar er sette i karantene.

Ottervik seier til avisa at det viktigaste no er å halde tenestene i kommunen gåande, trass i rekordtala.

Måndag skal kommunen bestemme om det er behov for ei lokal koronaforskrift i Trondheim.

(NRK / NPK)

Rita Ottervik står i en gang i rådhuset i Trondheim, og ser inn i kameraet.
Foto: Jøte Toftaker / NRK

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no