Hopp til innhold

Opnar for å endre blåreseptordninga

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol opnar for å gjere endring i føreskrifta kor legar som skriv ut blåresept på feil grunnlag kan få eit gebyr for regelbrot. Det skriv regjeringa i ei pressemelding.

– Vi ser at denne forskrifta har urimelege utslag, og eg har difor starta arbeidet med endringar i føreskrifta. Det er på ingen måte intensjonen at ein enkelt feil skal medføra store, personlege bøter. Det er urimeleg. Vi ser difor på moglegheita for å klargjera regelverket og kva reaksjonar som er rimelege, seier Kjerkol.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no