Hopp til innhold

Fire drepne i sjølvmordsangrep i Somalia

Minst fire er drepne og ni andre såra i eit sjølvmordsangrep på ein kafe i Somalias hovudstad Mogadishu. Den ytterleggåande islamistgruppa Al-Shabaab har teke på seg ansvaret for angrepet. Dei seier det var retta mot somaliske soldatar som får opplæring på eit militærakademi i nabolaget til kafeen, melder AFP.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no