Hopp til innhold

Ny studie viser låg effekt av fjerde vaksinedose

Ein fjerde vaksinedose gjev i liten grad auka beskyttelse mot omikronvarianten av koronaviruset sjølv om den ekstra dosen gjev litt meir antistoff, viser ein israelsk studie.

Til saman er 270 menneske med i studien. 150 av dei fekk fjerde dose med Pfizer-Biontech, medan 120 fekk med Moderna-vaksinen etter å ha fått tre dosar med Pfizer-Biontech tidlegare.

Effekten i dei to gruppene er stort sett lik. Fleire av forsøkspersonane er smitta av omikronvarianten trass i at dei har fått fire dosar, seier leiar ved infeksjonsavdelinga ved Sheba-sjukehuset i Tel Aviv, Gili Regev-Yochay.

Israel tilbyr ei fjerde vaksinedose til alle over 60 år, samt tilsette i helsesektoren. (NTB)

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no