Dokkelva har stige over 1 meter
Ordførar Torgeir Dahl i Molde seier at Dokkelva har stige med meir enn ein meter sidan klokka sju i kveld. – Vi trur at elva vil gå over sine breidder, seier Dahl til NRK like etter midnatt. Politiet vurderer å evakuere eit større område i frykt for at hus kan bli tatt av flaumen.