Hopp til innhold

Framleis nedgang i fyllingsgrada

Ved utgangen av veke 1 var fyllingsgrada i norske magasin 53,3 prosent, melder NVE. Gjennom veka gjekk magasinfyllinga ned med 2,6 prosenteiningar.

Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt for åra 2002-2021 er 67,3 prosent.

I området som gjeld Viken, mesteparten av Vestfold og Telemark, Agder, Rogaland og sørlege del av Vestland, der dei fleste magasina ligg, er fyllingsgraden 47,8 prosent. Medianverdien for 2002-2021 i dette området er 71,7 prosent.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no