Hopp til innhold

Mann døydde i arbeidsulukke på Frøya i Trøndelag

Politiet i Trøndelag fekk klokka 15.20 melding om ei alvorleg arbeidsulukke ved eit kaianlegg på Frøya i Trøndelag.

I kveld melder politiet at mannen døydde av skadane. Pårørande er varsla.

Mannen var i 20-åra og heimehøyrande i Møre og Romsdal. Ulukka fann stad på Salmar sitt anlegg på Ruggstein.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no