No kjem kulda
Dei som ikkje treng uroa seg for om det blir kvit jul, er Nord-Noreg, seier statsmeteorolog Pernille Bornander.
– Det byrjar i dag med snøbyer og nordavind i Troms og Finnmark, og så kjem det utover kvelden til å koma ned på Nordland, seier ho.
Også Trøndelag og Møre og Romsdal kan etter kvart få snø.
Både i fjellet og på kysten i Sør-Noreg er det rolege vindforhold.
– På Vestlandet før for Sognefjorden kan det vera periodevis liten kuling i dag.
Austlandet har fått eit dryss med snø. Sørlandet kan venta seg det same.
På Vestlandet er det framleis plussgrader, og det kan koma sludd og regn på kysten.
– Men det blir kaldt, så der snøen kjem, det blir liggjande, forsikrar ho og seier det kalde været held fram inn i romjula.