Hopp til innhold

Dømd for å ha kvalt ei jente i snø

På Grønland er ein 28 år gammal mann dømd til åtte års fengsel for å ha drepe ei 11 år gammal jente i Aasiaat på Vest-Grønland, skriv Danmarks Radio.

I november i fjor gjekk han til åtak på jenta og la seg oppå ho slik at ansiktet hennar vart pressa ned i snøen. Ho døde som følgje av kveling i snøen, skriv DR.dk.

Mannen innrømte valden med døden til følgje, men erkjente ikkje straffskuld for drap. Retten meinte at han måtte ha visst at det var sannsynleg at jente kom til å døy.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no