Hopp til innhold

– Kina har utført folkemord mot uigurane

Kina har utført folkemord i Xinjiang-regionen ved å forhindre fødslar i den uiguriske befolkninga, konkluderer eit panel som har vurdert saka i London.

Panelet, som blir kalla for Uigur-tribunalet, består av ni advokatar og ekspertar på menneskerettar. Det siste året har dei undersøkt påstandar om tortur, valdtekt og umenneskeleg behandling mot uigurane.

Dei meiner at det er bevist utover rimeleg tvil at det kinesiske kommunistpartiet hadde som mål å «øydelegge» ein betydeleg del av den muslimske uigur-minoriteten nordvest i landet, og på den måten står bak folkemord.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no