Hopp til innhold

Avlyser alle førpremierane – bortsett frå ein

Skaparane bak filmen Kampen om Narvik ser seg nøydde til å avlyse alle førpremierane grunna det aukande smittetrykket, melder Nordisk Film i ei pressemelding.

Det gjeld også den planlagde verdspremieren i Narvik førstkommande laurdag og festpremieren i Oslo 17. desember.

Likevel er det ei premiere som får halde fram. Det er den minste av premierane, som er ei lukka visning i Selbu i morgon ettermiddag for den snart 103 år gamle Narvik-veteranen Eystein Røset og hans næraste familie.

Han tenestegjorde i 6. divisjon Trønderbataljonen og er den siste attlevande soldaten som slåst i Narvik.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no