Hopp til innhold

– Han var ein frykta motstandar

– Kåre Willoch var ein ruvande politikar som forandra Noreg, seier tidlegare statsminister og no sjef i Nato, Jens Stoltenberg.

Han utdjupa vidare at Willoch var kunnskapsrik, hardtarbeidande og beherska i det politiske saksområdet.

– Han var ein respektert leiar og frykta politisk motstandar.

Stoltenberg mimra tilbake då han fekk gleda av å samarbeide med Willoch i forsvarskommisjonen han leia på byrjinga av 1990-talet, og utfordringa med å møte han i politiske debattar. Han var alltid godt førebudd og velformulert, seier Stoltenberg.

– I dag går mine tankar går til Anne-Marie, barn, barnebarn og alle dei som saknar Willoch, seier Stoltenberg og legg til:

– Det står respekt av korleis han brukte engasjementet sitt til å forme det samfunnet han var ein del av, og korleis han vart ein relevant deltakar i den politiske debatten heilt til det siste.

 Jens Stoltenberg hilser på Kåre Willoch og Anne Marie Jørgensen
Foto: Lise Åserud / NTB

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no