Hopp til innhold

Erklærer koronakrise

Guvernøren i New York erklærte koronakatastrofe fredag, skriv The Guardian. I ein ordre frå guvernør Kathy Hochul står det at staten ikkje har hatt så mange smittetilfelle og sjukehusinnleggingar sidan april 2020. Sjukehusinnleggingane har auka til 300 om dagen.

Hochul stadfestar at det ikkje er oppdaga tilfelle av den nye varianten omikron i delstaten så langt.

– Vi held fram med å følgje med på koronautviklinga denne vinteren, og sjølv om den nye omikron-varianten ikkje har kome til New York enno, så kjem den, skreiv ho i ei Twittermelding.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no