Færre har brukt antibiotika i år
Bruken av antibiotika fall i løpet av dei ti første månadane i år samanlikna med same periode i fjor. Bruken har felle kraftig i løpet av dei siste ti åra, skriv NTB.
– Det er veldig positivt at helsetenesta har klart å nå det ambisiøse målet i handlingsplanen, og at utviklinga held fram i år. Redusert antibiotikabruk er det viktigaste våpenet i å kjempe mot resistens, og framleis behalde antibiotika som eit effektivt legemiddel mot infeksjonar, seier fagdirektør Hanne Andersen i Apotekforeininga i ei pressemelding.