Hopp til innhold

Ein av tre nøgd med Støre

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) har ikkje klart å overtyde i si nye rolle. Det kjem fram i ei VG-måling. Etter fire veker med ny regjering meiner ein av tre at Støre gjer ein god jobb. 36 prosent seier at han korkje gjer ein god eller dårleg jobb, 19 prosent er ikkje sikre og berre 11 prosent er ikkje misnøgde.

Støre sjølv seier til VG at han synast det er for tidleg å felle ein dom.

– Eg tar dette som motivasjon til å vise enda fleire at den nye regjeringa er i gang med ein meir rettferdig kurs, der vi jobbar mot ulikskap og for å flytte makt til vanlege folk i heile landet, skreiv Støre i ein e-post til avisa.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no