Hopp til innhold

Kvam: Søker etter antatt omkomne

Store ressursar har i dag søkt etter dei tre personane som sist blei sett drivande nedover Tokagjelselva torsdag kveld. Politiet seier at det ikkje lenger er ein redningsaksjon, men eit søk etter antatt omkomne personar.

– Det er fordi det har gått såpass lang tid no. Vi har søkt i aktuelle område, vi har ikkje funne dei sakna, og ei vurderingsgruppe har vurdert at det er lite eller ikkje sannsynleg at desse tre blir funne i live, seier innsatsleiar Svein Valland Laupsa.

Ein god del leitemannskap er no sendt heim for kvelden.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no