Hopp til innhold

Meiner sikta har forlate Noreg

To personar er etterlyst internasjonalt for drapet på Hamse Hashi Adan på Mortensrud 7. oktober. Politiet har ei aning om kvar dei to oppheld seg, men vil ikkje seie noko nærmare om kva land.

– Vi er av oppfatninga av at dei har forlate Noreg, seier politiadvokat Børge Enoksen til NRK.

Ein mann i 40-åra er sikta for medverknad til drapet på Adan, og blei i dag framstilt for varetektsfengsling. Enoksen seier dei fortløpande vurderer å gå ut med fleire opplysningar om dei etterlyste.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no