Hopp til innhold

Tar ifrå tilsette goder

Tilsette i Tess som fagorganiserer seg med tariffavtaler, blir tatt ifrå alle bonusar, ulykkesforsikring, støtte til tannlege og arbeidsklede, skriv E24. Dette kjem fram i interne dokument, og skal ha gjort tilsette opprørte.

«Dette er ikkje tillate etter norsk lov», står det i eit referat frå tillitsvalde.

Tess er Noregs største leverandør av industrislangar og har fleire statseigde selskap på kundelista.

– Dei tariff-organiserte har valt fagforeininga si lønns- og godepakke, og dei kan sjølvsagt ikkje har «dobbelt sett», skriv Tess-sjef Erik Jølberg til E24 og legg til:

– Dei har sjølv valt tariffavtalen og det den medfører.

Jølberg er ein av Noregs 100 rikaste personar, men ei likningsformue på 765 millionar kroner i 2017.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no