Hopp til innhold

Lovar å sleppe fri demonstrantar

Myanmar kjem til å sleppe fri over 5.000 menneske som vart fengsla fordi dei demonstrerte mot militærkuppet i februar, ifølgje juntaleiaren i landet.

Totalt 5.636 fangar skal sleppast fri i anledning Thadingyut-festivalen 20. oktober, seier general Min Aung Hlaing måndag. Løftet vart gitt få dagar etter at den Den søraustasiatiske samarbeidsorganisasjonen (Asean) utestengde kuppleiaren frå sitt regionale toppmøte.

Militære tok makta i Myanmar i eit kupp 1. februar og sette landet sine folkevalde leiarar i husarrest. Over 1.200 menneske har blitt drepne i forbinding med protestar mot kuppet, og fleire tusen er kasta i fengsel.

ASEAN Myanmar
Foto: Alexander Zemlianichenko / AP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no