Hopp til innhold

Helge Aasen held fram som Elkemsjef

Helge Aasen har vore fungerande konsernsjef i metall og materialprodusenten Elkem sidan i sommar. No held han fram som sjef for selskapet.

Aasen var selskapet sin konsernsjef frå 2009 til 2019, og eit samrøysta styre har no sagt ja til at han kan fortsette å styre selskapet.

– Helge kjenner selskapet betre enn dei fleste og er den beste kandidaten til å sikre gode leveransar i den komande perioden samstundes som vi også utviklar selskapet i tråd med vår strategi, seier styreformann Hao Zhigang.

Michael Koenig, som byrja som konsernsjef i Elkem i 2019, slutta på dagen 30. juni i år.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no