Hopp til innhold

Hundrevis utsett for pornosvindel

Eit hundretals nordmenn har i helga blitt utsett for utpressing. Svindlarane skal ha truga med å publisere pornografisk innhald av ofra, opplyser Norsk senter for informasjonssikring, Norsis.

Svindlarane opplyser at dei har brukt webkameraet til ofra for å filme dei. Dei ber om 14.000 kroner i løpet av 52 timar for å ikkje dele videoen med vennar, familie og kollegaer.

Norsis ber folk ignorere heile meldinga, elles risikerer ein å bli utsett for ytterlegare press.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no