Polen avviser gjerdekritikk
Polen forsvarar grensegjerdet som blir bygd mot Kviterussland, og planlegg å erstatte det med ein permanent mur.
Nasjonalforsamlinga i landet vedtok nyleg ei lov som gir grensevaktene løyve til å tvinge flyktningar og migrantar utan innreisepapir tilbake over grensa.
Tusenvis av flyktningar og migrantar har dei siste månadane prøvd å ta seg til Polen, Latvia og Litauen via Kviterussland.