Hopp til innhold

Jakob Strandheim er død

Krigsveteranen Jakob Strandheim, den siste attlevande frå motstandsgruppa Shetlandsgjengen frå andre verdskrigen, er død, 101 år gammal, skriv Fiskeribladet.

Strandheim deltok med Shetlandsgjengen på 56 turar over Nordsjøen under andre verdskrig.

Shetlandsgjengen var ei motstandsgruppe som opererte i farvatna mellom Shetland, Skottland og det tyskokkuperte Noreg.

25. september blei Strandheim heidra med minneplate på heimstaden Øygarden utanfor Bergen.

Han var sjølv til stades på seremonien saman med familie.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no